Nordkalottforlaget – Nordnorsk Magasin AS gratulerer forlagets forfatter Helge Stangnes med 80-årsdagen, søndag 6.11.2016!

Vi siterer den første sjefen i Nordkalottforlaget, Hans Kr. Eriksen (1933-2014), som skreiv følgene til dikterens 70-årsdag for ti år siden:
”Frå Senja fekk han med seg eit ordrikt og poetisk språk som han har dyrka og utvikla. Her ligg nok ein av grunnane til at dikta hans blei så populære. Han er nok ein av dei nordnorske forfattarane som har hatt best lag med sin eigen dialekt. Poesispråket hans er blitt eit lettleselig og (og lettsyngelig) nordnorsk som har funne vegen til hjertet hos mange. Men også motivvalet har sterk tilknyting til natur og folk. Og her er så visst ikkje berre romantikk og snille nordlendingar. Helge Stangnes kjenner det nordnorske folket, arbeidsfolket på land og hav. Havet var også for han både leikeplass og arbeidsplass i yngre år. Som dette med sildefisket. Kanskje er det typisk for han at den første sildelotten gjekk til eit trekkspell! I fjordane langs heile landsdelen dreiv de etter feitsilda om hausten – og 15-åringen var med, hørte språket og lærte det frå grunnen av – både heime i stua og om bord i skøyta. Han oppsøkte språket der det var, orda der de blei til, de sterke og de milde. Og bruker dem som den virtuosen han er.”
For å feire dagen tar vi med diktet ”Lys langs en fjord” fra dikterens debutsamling av samme navn fra 1992. Dikteren sjøl har framskynda feiringa for ikke å gå glipp av en fotballkamp på Alfeim Stadion i Tromsø på sjølveste dagen.
Lys langs en fjord
Det mørkne mot vinter som lenge skal vare,
en sommar blei borte, en haust e på reis,
og leia e lagt der vi alle må fare
som tvungen turist på et år underveis.
Så fjern og så frostkald står stjern’ der ute,
men nærar e lysan der menneskan bor.
Som glør gjennom natta fra rimgråe rute,
skin perlebands-lenker av lys langs en fjord.
Og vi som blei født her – og tidlig fekk sanne
at lyset og leiken har mørket som pant,
vi veit at den natta som ligg over landet,
e pris førr en sommar som kom – og førsvant.
Men ingen treng sukke og vri sine hender
i lengt etter solskinn og varme i sør,
så lenge som lysan fra nordnorske grender
førtell oss at her har vi søstre og brør.
Vi veit at den ætta vi kalle vår eia,
i elsk og i armod har kysten bebodd,
og tent sine lampe som fyrlys langs leia
tel merke førr folk som har segla og rodd.
Ja, lysan fra stuen langs verharde strender
i mørketidslandet har gått som ei bru,
med spenn over fjorda – lik utstrekte hender
med varme og kraft tel å tåle og tru.
Så kom, la oss tenne små lys førr kverandre
som bål imot natt på ei vinterkald jord,
der frosten skal vike når menneskevarme
får nå gjennom mørket – som lys langs en fjord.
Helge Stangnes, ”Lys langs en fjord”, 1992